Våryre sauer er dårlege fotballspelarar

Eg var på Bislet her om dagen. Såg Lyn-Sogndal. 3-1-tap. Ikkje noko å seie på det resultatet, Lyn var unge, raske og villige - Sogndal var 11 våryre sauer som nett var sleppte på beite. Å treffe ballen var optimistisk. Å treffe mål: Utenkjeleg.

Tommy Øren, her i Ham-Kam-drakt. Foto: Cato Edvardsen.

Tommy Øren, her i Ham-Kam-drakt. Foto: Cato Edvardsen.

Slikt blir det ikkje god fotball av. Eg fekk ikkje med meg målet til Sogndal. Det var visstnok ein tvilsam straffe, men då var eg på veg over frå den kjølige skuggesida på Bislet, over i sola. Der var det rett nok varmare, men utpå grasmatta var det permafrost.

Me kan håpe at det blei med denne gongen.