Eirik er trygg i eiga bygd

Eirik Bakke blir ikkje sendt heim på første fly frå trenarjobben i Sogndal.

No er det ikkje særleg praktisk å køyra fly frå Fosshaugane ned i Sogndalsfjøra, heller, men framsida i Bergensavisen med Rikard Norling sine rutetider til Stockholm er Brann og Bergen.

Framsida til Bergensavisen, 28. mai 2015.

Framsida til Bergensavisen, 28. mai 2015.

Eg intervjua Eirik etter siste bortekampen før han reiste til Leeds. Det var på Lerkendal, Sogndal tapte mot topplaget Rosenborg. Han tok seg god tid, svarte høfleg på den karakteristiske, smålåtne måten.

Han framstår litt slik som trenar også. I intervju tyr han ofte til litt keitete språk («eg var komfortabel inn mot kampen …», «det var ein positiv prestasjon …», «spelarane responderte veldig bra …»). Men han er alltid jordnær. Som då han var heime på sommarferie frå Premier League og ein sogndøl lodda stemninga for dugnad på eit hus i Markavegen mellom dei frammøtte på Lægreidspubben. Eirik, som hadde ein feit lønnskonto på den tida, ser opp, smiler – og seier: «Kå mykje betala’ru, dao?»

Men han kan fotball. Eirik Bakke kan fotball.

Og slik har det vel alltid vore. Eg minnest Eilert Ellingsen kom bort til meg og sa at «Eirik Bakke sa han såg deg scora eit fantastisk mål mot Jotun». Eirik er nokre år yngre enn meg, men sjølv som lilleputt briljerte han. Eg spelte på småguteandrelaget til Sogndal. Me spelte mot førstelaget til Jotun på Fosshaugane. Me leia 2-0 etter halvtimen. 2-0-målet var mitt: Ein corner frå Roger Nedrehagen frå venstre, dempa elegant på mitt på høgre lår, ein susar med feil fot i rett kryss. Slike mål var ikkje kvardagskost for meg. Mål var ikkje kvardagskost for meg. Og ei tomålsleiing mot Jotun var utenkjeleg, og me spelte resten av kampen med nervene utpå drakta. Me gjorde ein heil masse feil og fekk to mål feil veg. Uavgjort var likevel eit knallsterkt resultat, og eg minnest eg tykte det var stas at den vesle gutungen Eirik Bakke var imponert over målet mitt.

Eirik har fått ein strålande start som trenar. Men fotballen svingar fort. Det er berre ti år sidan Kjetil Ruthford Pedersen hevda at «Sogndal kan vinne alle kampane i 1. divisjon» – for så å tapa mot nesten alle. Stig Roger Eide i avisa Firda drøymde om lokalderby mellom Sogndal og Førde, men slik blei det heldigvis ikkje. Og me får tru at Eirik taklar slike situasjonar også når dei måtte koma. Og eg er viss på at verken Saftkokaradn eller lokalavisa vil venda han ryggen.

«I Sogndal får ein ro, me taklar eit tap eller fire her i bygda,» skreiv Morten Hagen i eit lesarinnlegg i Sogn Avis sist laurdag.

Hagen er ein klok mann.