Slik kan det sjå ut!

Kaibygget i Sogndal bør jamnast med jorda for å starta med blanke ark.

Dampskipskaien i Sogndal slik det kan sjå ut utan kaibygget (fotofikling).

Dampskipskaien i Sogndal slik det kan sjå ut utan kaibygget (fotofikling).

Fotografiet over er eit bildetriks. Slik ser det ut i røynda:

Dampskipskaien i Sogndal slik han framstår i dag.

Dampskipskaien i Sogndal slik han framstår i dag.

Det er søkt om 1,5 millionar kroner til ei oppgradering av huset slik at det kan etablerast eit fjellsportsenter der, med servering i 1. etasje og kontor i 2. etasje.

Faksimile Sogn Avis 28. juni 2016.

Faksimile Sogn Avis 28. juni 2016.

Eg meiner fjellsporten høyrer heime nærare fjella, og å bruka strandkanten til kontorlokale høyrest underleg ut når Fosshaugane Campus i desse dagar lanserer planar om nye 100 tusen kvadratmeter.

Sogndal kommune har gjort fine grep med fjordstien. No må dei fullføra.

Merk: Bilda brukt over her finst i full størrelse med fri lisens (oppgi namnet på fotografen ved bruk) her.