Saksofonar på anabole stereoidar
Eg spelte ein konsert med Soulfingers i går kveld med to ulakka Yamaha Custom 82Z-saksofonar. Tenoren er min, alten var lånt.
Eg spelte ein konsert med Soulfingers i går kveld med to ulakka Yamaha Custom 82Z-saksofonar. Tenoren er min, alten var lånt.
«Ved fleire høve har heile turistbussar stoppa i Sogndalsfjøra på utkikk etter toalett. Tilboda i sentrum er få, og Erik Flåten har no sett seg lei av å vaska toalett seks timar dagleg,» melder Sogn Avis i ein artikkel som ikkje er illustrert med ein hotelleigar med moppen i handa.
Kven drap eigentleg sauene i Lærdalsfjella? Dette og andre interessante spørsmål blir stilte i leiaren i Sogn Avis, no som redaktøren er på ferie.
bepsays kom i går i skade for å stole på NRK Sogn og Fjordane som kjelde for påstanden om at Clara Øberg hadde sagt at ho ikkje hadde fått ein SMS frå statssekretær Roger Ingebrigtsen.
«Ein rasande statssekretær Roger Ingebrigtsen frå Arbeiderpartiet stadfestar SMS-kontakt med Clara Øberg,» skriv NRK Sogn og Fjordane. Clara Øberg nekta først for at dette hadde skjedd, men sa så at det berre var ein «klapp på skuldra»-SMS utan politisk baktanke.
Sende nett avgarde ei bestilling til capris.no. Ferielektyren er sikra! I alle fall for den første veka…